Knut Olsson Avdal
(1688-)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
1. Kari Jonsdatter Holsæter

Knut Olsson Avdal

  • Født: 1688, Avdalen, Årdal, Sogn og Fjordane
  • Ekteskap (1): Kari Jonsdatter Holsæter
bilde

punktmerke  Generelle notater:


Fra boken Årdal i Sogn: bygd og ætter
https://www.nb.no/nbsok/nb/1176094b3b478418ae115fcf784dbf69?index=19#318

Her kom ein ny mann: Knut Olson. I 1701 var det berre ein med det namnet i Årdal, og han var frå Midtun, men um det er den same som kom til Avdalen, kann me ikkje segja for heilt visst.
Då Knut Avdalen kjøpte garden, vart han ellers kalla Holsæter. Knut vart fyrste sjøleigaren på garden. Han kjøpte garden i 1722 hjå enkja etter Dominikus Nagel på Tangen. Sjølvsagt melde "odelsretten" seg her og. Tomas Berge, luster, trudde seg hava rett til Avdalen, men Knut Avdalen prova at garden hadde vore frå Berge-ætti i meir enn 20 år, og då hadde ho ingen rett lenger.
Knut Avdalen var g.m Kari Jonsdtr. Holsæter. dei fekk to søner som me veit um: Ola som fekk garden, og Tomas som kom til Hjelle.
Ola Knutson vart g.m Kirsti Johannesdtr. Berge frå Luster. Det ser ut til at Ola helst vilde koma seg frå Avdalen. I eit godt saman med Ola Hestetun gjorde dei to karane gardabyte.
Ola Avdalen skulde få bruket i Hestetun for Avdalen og eit millomlag av 150 rdl. Men då det kom til ålvor, drog Ola Hestetun seg attende, for kona hans lika ikkje på dette bytet, sa han. Men nokre år seinare kom Ola likevel frå Avdalen ved å byte til seg eit bruk i Lægreid, Korleis det gjekk til, hev me fortalt under Lægreid. Av dei 4 borni hans Ola fekk Knut bruket på Lægreid, Johannes hadde plass under Lægreid, Synneva vart g.m Ola Kristofferson frå plassen Årøy og fekk plassen Langvoll under Lægreid, og Kari vart g.m ein Hermund Kristofferson som truleg var bror hans Ola Årøy, men dei ser me ikkje meir til i Årdal.


bilde

Knut giftet seg med Kari Jonsdatter Holsæter, datter av Jon Endresson Holsæter og Brita Eriksdatter.




Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 22 jan 2023 med Legacy 9.0, en avdeling av MyHeritage.com; innholdet er copyright og vedlikeholdt av vidar@vik24.comx